Strandvik filmklubb

Velkomen til heimesida til Strandvik filmklubb! Vi er starta som filmklubb januar 2024 og ynskjer å dele filmglede til dei som bur i Strandvik og omland. Vi viser film for vaksne ein sundag i månaden, og vi er medlem av Norsk Filmklubbforbund.

Filmklubben er bygd på frivillig innsats og vi har mange gode frivillige og plass for fleire. Har du lyst til å hjelpe med det praktisk på filmkveldane, eller henge opp plakatar etc. eller har om du har spørsmål til oss så send ei melding til Grete, leiar, telefon 90107013 eller skriv e-post til post@strandvikfilmklubb.no.

Medlemskap

For å sjå film i klubben må du vere medlem. Registrering av medlemskap kan du gjere sjølv via skjemaet under. Betaling skjer ved frammøte.

Gå til registreringsskjema

Rettleiing til medlemsregistrering finn du her.

Prisar

Medlemskap Pris Forklaring
Semestermedlemskap vaksen kr 260 Gjeld for vår eller haust og gjev tilgang til 5 filmar.
Prøvemedlemskap vaksen kr 130 Gjeld for éin film. Vil du bli medlem etter å ha «prøvd», så kostar det kr 130 (men hugs å seie dette til oss når du skal betale).

Haustprogram 2026

Alle framsyningane er i Strandvik grendahus.

Gjøkeredet

Strandvik grendahus

Regi: Miloš Forman. Aldersgrense 15 år. 134 min. USA 1975.

Gjøkeredet

Filmen fekk fem Oscar-statuettar. Jack Nicholson fekk Oscar for beste mannlege og Louise Fletcher for beste kvinnelege hovudrolle. Nicholson spelar McMurphy. Han har ein valdtektsdom. Han læst vere galen og blir flytta frå fengselet til eit mentalsjukehus.

McMurphy oppdagar fort at pasientane er sløva ned av medikament, han gjer opprør, og etter kvart får han dei andre pasientane med seg. Filmen set fokus på omdiskuterte metodar i psykiatrien. Gjøkeredet er ikkje noko komedie, likevel er det innimellom ein morosam film.

Filmen blir gjerne rekna blant dei aller fremste filmklassikarane. Regissøren Miloš Forman blei fødd i Tsjekkoslovakia. Filmane hans fekk internasjonal merksemd på 1960-talet; etter Praha-våren slo han seg ned i New York. Miloš Forman skildrar ofte rebellar som gjer opprør.

Blå spor

Strandvik grendahus

Regi: Gabriel Mascaro. Aldersgrense 9 år. 85 min. Brazil, Nederland, Mexico, Chile. 2025.

Blå spor

Filmen fekk Sølvbjørnen på Filmfestivalen i Berlin. Filmen er pakka med uforgløymelege scener, les ein på nettet ein stad. Ein annan stad les ein: Blå spor «er en visuelt slående film». Ifølgje Norsk filmklubbforbund er dette ein sci-fi-film.

Handlinga går føre seg i ei nær framtid, i Brasil. Det handlar om korleis vi som samfunn ser på dei eldre. Vi følgjer ei 77 år gammal kvinne. Det er framleis ting eg ønskjer å få gjort, seier ho i filmen. Dette fører henne ut på ei fantastisk reise langs Amazonaselva. Blå spor handlar om å gjere opprør, og om å finne fridommen, og det handlar om nokre gonger å setje spørsmålsteikn ved styresmaktene sine løysingar.

Vi som solgte landet

Strandvik grendahus

Regi: Kieran Kolle. Produsent: Elisabeth Kleppe. 76 min. 2025

Vi som solgte landet

Dette er ein film om konfliktane som oppstår når ein skal byte fossile energikjelder med fornybare. Når ein skal produsere fornybar energi kan det gå ut over vakker natur. Nokre gonger kan det gå ut over folks livskvalitet. I andre tilfelle blir matjord som ikkje kan erstattast bygd ned.

Folk opplever at naturen blir rasert på grunn av det grøne skiftet, og dei opplever at dei ikkje blir høyrde når dei protesterer, folk som gjer motstand mot grøne energiprosjekt blir ofte avfeia. Lokalsamfunn kan bli splitta; tilliten til demokratiet kan bli svekka.

Det er desse dilemmaa Kolle tek opp i dokumentarfilmen sin. Kieran Kolle er ein filmregissør med lokal tilknyting. Erlend Apneseth Trio har vore med og laga musikk til filmen.

En liten bit av kaken

Strandvik grendahus

Regi: Maryam Moghadam, Behtash Sanaeeha. Aldersgrense 9 år. 97 min. Iran 2024.

En liten bit av kaken

Det er aldri for seint å finne kjærleiken!

Mahin har vore enke lenge, ho er 70 år gammal og bur for seg sjølv. Ein dag bestemmer ho seg for å bli med venninnene på ettermiddagste. Det blir ein kveld med overraskingar.

Filmen er ein dramakomedie. Dette handlar om romantikk! Ekteparet Maryam Moghadam og Behtash Sanaeeha har regien. Maryam Moghadam har levd mange år i Sverige og ho har skodespelarutdanninga si derifrå.

Då «En liten bit av kaken» skulle ha verdspremiere i Berlin, nekta dei iranske styresmaktene regissørekteparet å delta.

Poor things

Strandvik grendahus

Regi: Yorgos Lanthimos. Aldersgrense 15 år. 141 min. USA 2025.

Poor things

Drama. Erotikk. Komedie. Sci-fi. Retrofuturisme.

Handlinga går føre seg i ei slags Victoriatid. Ein «ellevill fabel», skriv kritikaren i NRK, og gir ein seksar. Berre byrjinga på filmen er vanskeleg å forklare.

Bella, spela av Emma Stone, har teke livet av seg, men har blitt gjenoppliva, og ho har fått hjernen til den babyen ho hadde i magen då ho hoppa frå brua! Bella stikk av saman med ein advokat, Duncan. Dei to legg ut på ei reise som startar i Lisboa. Turen går til Alexandria, Marseille, Paris; og tilbake til London. Bella møter alle utfordringar utan filter. Det er surrealistisk. Det er originalt; blir det sagt. Og det er uføreseieleg.

Filmen har fått mange prisar, blant anna fire Oscar-prisar. Den fekk òg Gulløva på filmfestivalen i Venezia.

Fjols til fjells

Strandvik grendahus

Regi: Edith Carlmar. Aldersgrense 6 år. 100 min. Norge 1957.

Fjols til fjells

Edith Carlmar var den første kvinna som regisserte film i vårt land.

Leif Juster har hovudrolla i Fjols til fjells. Andre skodespelarar er Unni Bernhoft, Willie Hoel, Frank Robert; Liv Ullmann. Einar Sissener spelar direktør Granberg.

Dette er vel det ein kallar ein situasjonskomedie, eller ein forviklingskomedie.

Det heile byrjar med at to gjestar som ser heilt like ut kjem til Hurlumhei høgfjellshotell. Portieren Poppe, Leif Juster, trur at desse to gjestane er same person. Hotelldirektøren er bekymra for korleis Poppe taklar jobben. Han sender dottera Ruth til hotellet for å sjå om alt er i orden. Ruth kler seg ut som pikkolo, kallar seg Rudolph, og får jobb.

Den eine forviklinga avløyser den andre! Dette var svært morosamt for 70 år sidan, og det er morosamt den dag i dag.

Tidlegare program