Haustprogram 2024
Alle framsyningane er i Strandvik grendahus.
WALL-E
Strandvik grendahus
Familie-/barnefilm. Regi: Andrew Stanton. Aldersgrense 9 år. 107 min. USA 2008.

Dette er science fiction, vi skal til 2800-talet, det handlar blant anna om søppel. Filmpolitiet gav ein seksar! Menneska har rømt frå jorda; roboten WALL-E er åleine att og ryddar søppel. Ein dag landar eit romskip, den vakre roboten EVE er om bord. WALL-E forelskar seg! I 2008 kalla Birger Vestmo filmen «et moderne mesterverk».
Parallelle mødre
Strandvik grendahus
Vaksenfilm. Regi: Pedro Almodóvar. Aldersgrense 12 år. 123 min Spania 2021.

Ein må kunne kalle dette ei rik historie. Ramma er for så vidt utgraving av ei massegrav (frå Den spanske borgarkrigen) i heimbyen til Janis, ei av kvinnene vi møter i filmen. Janis er «midt i livet». Ana er tenåring. Begge er einslege, begge skal ha barn, og dei deler rom på sjukehuset.
Det er det som skjer med Ana og Janis, forholdet dei imellom, filmen skildrar. Det kan vere lett å røpe for mykje her; det handlar om tilfeldig sex, valdtekt, død. Det handlar i stor grad om å knyte band, om at livet kan bli endra, men først og fremst handlar det kanskje om morskjærleik.
Almodóvar har halde på med film sidan 1980. Det finst mykje humor i filmane hans. Janis blir spela av Penélope Cruz. Ho vann fleire prisar for denne rolla.
Wallace & Gromit – tre elleville eventyr
Strandvik grendahus
Regi: Nick Park. Filmane kan sjåast av alle. 82 min. Storbritannia 1995.

Gromit er hunden til Wallace. I den første filmen er Wallace lens for ost, og dei to reiser til månen for å skaffe ost (månen er jo laga av ost). Film nummer to heiter «Robotbuksene». Wallace har fått ein nabo som vil bruke dei nye robotbuksene hans til å gjennomføre eit tjuveri. Heldigvis har Wallace ein snartenkt hund!
Wallace forelskar seg i den siste filmen (frå 1995). Dama har garnforretning. Wallace finn opp ei ny magisk strikkemaskin. Dama har ein bulldog som lagar trøbbel. Men Gromit ordnar opp!
Sau
Strandvik grendahus
Regi: Rebekka Nystabakk. Aldersgrense 9 år. 83 min. Noreg 2024.

Filmen handlar om sauer. Det er ein dokumentarfilm. Dottera skal overta småbruket i Nordland etter faren. Det handlar om tradisjonar og om kunnskapar som skal overleverast. Ein godkjensle-film.
Regissøren Rebekka Nystabakk presenterer familien sin i filmen: Det er musikaren Rakel Nystabakk som, saman med kona Ida, flytter heim og tar over drifta av småbruket i Salten. Rakel er systera til regissøren. Rakel og Ida ønskjer at dyra skal ha det best mogleg, dei ønskjer å drive økologisk og vere sjølvforsynte, og dei vil ta vare på kulturlandskap og tradisjonar. Filmnettstaden Montages meiner at filmen har «egenart og særpreg» og at han har ein «befriende humor og sjarm».
Aristokattene
Strandvik grendahus
Familie-/barnefilm. Regi: Wolfgang Reitherman. Filmen kan sjåast av alle. 78 min. USA 1970.

Ein klassikar. Hokatten Duchess og kattungane hennar bur hos ei rik dame i Paris. Ho har testamentert det ho eig til kattane. Butlaren Edgar vil ha tak i pengane. Han kidnappar kattane og tek dei med seg ut på landsbygda. Duchess og kattungane må komme seg attende til Paris. På vegen møter dei villkatten Thomas O'Malley, og bandet hans.
Velkommen Mr. Chance
Strandvik grendahus
Vaksenfilm. Regi: Hal Ashby. Aldersgrense 15 år. 130 min. USA 1979.

Komedie. Peter Sellers og Shirley MacLaine. Chance er ein enkel, naiv mann som tenkjer sakte. Han er gartnar hos ein eldre mann i Washington. Chance lever isolert, steller hagen og ser på TV. Då arbeidsgivaren døyr, blir han kasta på gata. Han hamnar i heimen til ein mektig industrimann som har kontaktar i dei øvste politiske sirklane i Washington. Den første misforståinga oppstår når Chance presenterer seg som «Chance, the gardener», frå den augneblinken blir han heitande Chauncey Gardiner. Resten av filmen er full av misforståingar: Dei enkle naive utsegnene til Chance blir tolka som visdom.
Istid
Strandvik grendahus
Familie-/barnefilm. Regi: Chris Wedge og Carlos Saldanha. 81 min. USA 2002.

Vi skal 20 000 år attende i tid. Vi møter tre venner. Ein noko humørsjuk og sta mammut, Manfred. Det klumsete dovendyret Sid, som er glad i å prate. Og sabeltanntigeren Diego. Når istida kjem, må dei reise til varmare strøk. Etter kvart finn dei tre ein menneskebaby. Dei prøver å finne faren til denne eit år gamle guten. Det blir ei spennande reise.
Neon Bull
Strandvik grendahus
Vaksenfilm. Regi: Gabriel Mascaro. Aldersgrense 15 år. 101 min. Brasil, Uruguay, Nederland 2015.

Dette handlar på den eine sida om brasilianske rodeoshow og cowboyar! Iremar si oppgåve er å gjere oksane klare for manesjen. Han reiser rundt på den brasilianske landsbygda i ein gammal lastebil. På den andre sida handlar det om nattlege danseshow! På kveldstid arbeider Iremar med å designe kostymer til desse eksotiske danseshowa. Iremar drøymer om å bli klesdesigner. Det er møtet mellom desse to ulike verdene som gjer «Neon Bull» til ein «poetisk, magisk, overraskande og sjarmerande» film.