Vårprogram 2024

Titina

Strandvik grendahus

Familie-/barnefilm. Regi: Kajsa Næss. Aldersgrense 6 år. 91 minutt. Norge, Belgia 2022. Animasjon. Norsk tale.

Titina var ein eigarlaus hund i Roma, men blei verdsberømt! Hunden var med Umberto Nobile og Roald Amundsen på ekspedisjonen deira til Nordpolen med luftskipet «Norge». Filmskaparane er lausleg inspirerte av det som hende på den turen.

Dette er absolutt ein familiefilm. Den beste sidan Flåklypa Grand Prix, har det blitt sagt. Filmen har blitt lovprisa for handverket. Han er morosam og dramatisk, men òg historisk interessant.

Easy Rider

Strandvik grendahus

Vaksenfilm. Regi: Dennis Hopper. Aldersgrense 15 år. 94 minutt. USA 1969.

Kultfilm frå 1960-åra. Ei motorsykkelreise gjennom USA, frå Los Angeles til New Orleans. Jack Nicholson fekk sitt gjennombrot som skodespelar, sjølv om han berre hadde ei birolle. Musikken er viktig! «Born to Be Wild» har ein framståande plass i filmen.

Lise & Snøpels – Venner for alltid

Strandvik grendahus

Familie-/barnefilm. Regi: Jan Bubenicek, Denisa Grimmovà. Aldersgrense 7 år. 80 minutt. Tsjekkia 2021. Animasjon. Norsk tale.

Lise er ei mus. Ho har hamna i dyrehimmelen. Der vil ho prøve å finne faren sin. Lise møter Snøpels, ein sjenert rev. For å lukkast i den nye verda dei har hamna i, må dei samarbeide. Dei oppdagar at dei kan vere venner. Det blir sagt om filmen at han er både vakker, og uforgløymeleg.

Hélène & Mathieu

Strandvik grendahus

Vaksenfilm. Regi: Emily Atef. Aldersgrense 12 år. 122 minutt. Frankrike, Norge 2022.

Filmen er fylt med alvor. Det er ein rørande film. Gode skodespelarprestasjonar. Hélène og Mathieu bur i Bordeaux i Frankrike. Ho blir alvorleg sjuk og bestemmer seg for å dra til Noreg åleine for å finne fred.

Filminnspelinga har gått føre seg på Vestlandet. Musikken er komponert av Jon Balke. Skodespelaren Bjørn Floberg har ei viktig rolle.

Kult og kort – 10 kortfilmar for barn

Strandvik grendahus

Familie-/barnefilm. Ti ulike regissørar. Aldersgrense 6 år. 60 minutt. 2014.

Desse kortfilmane varer frå to til tolv minutt. Den kortaste handlar om «en sint jente med baller». Ein av dei lengste kjem med ei forklaring på «hvor det ble av alle trollene».

Skolen ved verdens ende

Strandvik grendahus

Vaksenfilm. Regi: Pawo Choyning Dorji. Aldersgrense 7 år. 110 minutt. Bhutan 2019.

Vi møter ein ung lærar som er send for å ha praksis i ein avsidesliggjande dal i Bhutan. Her manglar ein det meste av det som er moderne. Folka som bur der får han etter kvart til å føle seg komfortabel.

Filmen har blitt kalla hjartevarm og oppløftande. Han blei nominert til Oscar i 2022. Landskapet ein får sjå i filmen kan vere god nok grunn til å få med seg denne filmopplevinga.

Sjel

Strandvik grendahus

Familie-/barnefilm. Regi: Pete Docter, Kemp Powers. Aldersgrense 6 år. 107 minutt. USA 2020. Animasjonsfilm. Norsk tale.

Dette er Disney. Det er hjartevarmt og tankevekkjande. Animasjonen held høg kvalitet. Filmpolitiet meiner filmen er ein «visuell fest». Vi møter musikklæraren Joe. Han drøymer om å bli profesjonell musikar. Då han får sjansen, døyr han, i alle fall nesten, og han kjem til verder som er tilhaldsstad for sjeler. Kritikarane var begeistra! Dei gav varme anbefalingar. Ein av dei skreiv: «Noe rotete, men hvem bryr seg?»

Ferskenlunden i Catalonia

Strandvik grendahus

Vaksenfilm. Regi: Carla Simón, Arnau Vilaró. Aldersgrense 6 år. 120 minutt. Spania 2022.

Familien Solé dyrkar fersken, og alle har støtt vore saman om innhaustinga. Men no vil den nye landeigaren plassere solcellepanel der ferskentrea står. Familien står i fare for å bli splitta.

Dette handlar om minne, barndom, tradisjonar, og om (lange) sommardagar. Men det handlar òg om primærnæringane sine vanskelege vilkår. Filmen vann Gullbjørnen i Berlin i 2022.