Velkomen til heimesida til Strandvik filmklubb! Vi er starta som filmklubb januar 2024 og ynskjer å dele filmglede til dei som bur i Strandvik og omland. Vi viser film for vaksne ein sundag i månaden, og vi er medlem av Norsk Filmklubbforbund.
Filmklubben er bygd på frivillig innsats og vi har mange gode frivillige og plass for fleire. Har du lyst til å hjelpe med det praktisk på filmkveldane, eller henge opp plakatar etc. eller har om du har spørsmål til oss så send ei melding til Grete, leiar, telefon 90107013 eller skriv e-post til post@strandvikfilmklubb.no.
Medlemskap
For å sjå film i klubben må du vere medlem. Registrering av medlemskap kan du gjere sjølv via skjemaet under. Betaling skjer ved frammøte.
Gå til registreringsskjemaRettleiing til medlemsregistrering finn du her.
Prisar 2025
| Medlemskap | Pris | Forklaring |
|---|---|---|
| Semestermedlemskap vaksen | kr 260 | Gjeld for vår eller haust og gjev tilgang til 5 filmar. |
| Prøvemedlemskap vaksen | kr 130 | Gjeld for éin film. Vil du bli medlem etter å ha «prøvd», så kostar det kr 130 (men hugs å seie dette til oss når du skal betale). |
Vårprogram 2026
Alle framsyningane er i Strandvik grendahus.
Casablanca
Strandvik grendahus
Regi: Michael Curtiz. Aldersgrense 9 år. 102 min. USA 1942.
Casablanca vann Oscar for beste film, regi og manus i 1944.
Det er desember 1941. Amerikanaren Rick (Humphrey Bogart) har ein nattklubb i Casablanca. Blant klientellet er flyktningar, tjuvar, representantar for den tyske krigsmakta og representantar for den franske Vichy-regjeringa, som var kjent for sitt tette samarbeid med Tyskland og som styrte den delen av Frankrike som ikkje var okkupert.
Guillermo, ein kriminell, har fått tak i nokre reisepapir. Desse dokumenta kan ein flyktning bruke for å komme seg til Portugal, og til USA. Det viser seg etter kvart at den kriminelle Guillermo har bedt nattklubbeigaren Rick (Humphrey Bogart) om å ta vare på papira.
Så ein kveld dukkar eit par opp i nattklubben, Ilsa (Ingrid Bergman) og Victor. Ilsa er ekskjærasten til Rick. Victor er Ilsa sin ektemann; og han er motstandsmann. Ilsa forklarar etter kvart at då ho og Rick møttest i Paris i 1940, hadde ho trudd at ektemannen var død. No har Victor bruk for reisedokumenta som Guillermo har overlate til Rick.
Rick må velje. Skal han velje kjærleiken, eller skal han velje å gjere det rette og hjelpe Victor med å flykte frå Casablanca for å fortsetje kampen mot nazistane. Må kjærleiken vike for den gode saka?
Filmen er kjend for den gode dialogen og dei minneverdige replikkane. Avslutningsreplikken er legendarisk.
Orions belte
Strandvik grendahus
Regi: Ola Solum. Aldersgrense 15 år. 89 min. Norge 1985.
Orions belte er ein norsk actionfilm frå 1985.
Orions belte fekk fire prisar då Amandaprisen (for første gong) blei delt ut i 1985. Filmen er altså 40 år gammal, Helge Jordal, Sverre Anker Ousdal, Kjersti Holmen og Jon Eikemo var enno forholdsvis unge skodespelarar.
Tre nordmenn om bord i frakteskuta Sandy Hook tek meir eller mindre lovlege oppdrag langs kysten av Svalbard; dei oppdagar heilt tilfeldig ein sovjetisk lyttestasjon i ei fjellhole. Slik er opptakten. Det er ein action-thriller. Det blir både spennande og dramatisk. Sovjetrussarane går hardt til verks. Naturen er fascinerande!
Filmen er basert på ein roman Jon Michelet gav ut i 1977. Orions Belte blir vel rekna for å vere ein av dei beste norske filmane frå 1980-talet.
Black dog
Strandvik grendahus
Regi: Hu Guan. Aldersgrense 15 år. 1 time 56 min. Kina 2024.
Filmen vann ein av prisane (Un Certain Regard) i Cannes. Ein poetisk road movie. Ein moderne western. Dette er omgrep som blir brukt for å karakterisere filmen.
Handlinga i filmen går føre seg sommaren 2008, like før sommer-OL i Beijing. Lang har sete i fengsel og kjem attende til heimbyen i utkanten av Gobiørkenen. Lang var tidlegare songar og motorsykkelstuntmann. Heimbyen er prega av forfall. Blant anna er laushundar eit problem, og det blir sett i gang ein oppryddingsaksjon. Lang blir trua og trakassert av slaktaren Hu. Lang har ein alkoholisert far. Lang blir venn med ein utmagra, svart hund…
Det er ei forteljing om ære og lojalitet, det er ei historie om forsoning og nye moglegheiter. Regissøren får ros for å gradvis porsjonere ut svara på det publikum sit og lurer på. Fotografen får ros for dei nydelege bileta frå både by og ørkenlandskap.
Mot solnedgangen (Radiance)
Strandvik grendahus
Regi: Naomi Kawase. 97 min. Japan 2017.
Filmen fekk Ecumenical Jury Prize i Cannes.
Misako skriv filmtolkingar for folk som har synshemming. Ho er van med å observere omgivnadane og ser gjerne nyansar ingen andre ser. På ei filmframsyning møter ho Masaya, ein anerkjent fotograf som har begynt å få dårlegare og dårlegare syn. Han kritiserer arbeidet hennar, han meiner at ho lèt sine eigne kjensler komme for mykje fram når ho skal skildre bileta i ein film. Dei er usamde, likevel byrjar dei etter kvart å treffe kvarandre.
Det er eit kjærleiksdrama dette, ho er forholdsvis ung, han er eldre. Det handlar om ord, men endå meir om bilete. Det handlar om to «som tillsammans lär sig att se på världen med nya ögon».
Kjærlighet
Strandvik grendahus
Regi: Dag Johan Haugerud. Aldersgrense 15 år. 119 min. Norge 2024.
Filmen er den tredje i Haugerud sin filmtrilogi. Filmklubben viste Drømmer i september. Kjærlighet blei valt ut til hovudkonkurransen på filmfestivalen i Venezia som første norske film på 38 år.
I Kjærlighet møter vi Marianne, ho er lege, og kollegaen Tor, han er sjukepleiar. Ingen av dei er vel på jakt etter det tradisjonelle parforholdet eller ekteskapet. Tor møter framande menn via Grindr. Marianne blir nysgjerrig, og lurer på om dette òg kan vere noko for henne.
Det er ein Oslo-film. Vi ser Rådhuset. Nesoddbåten er sentralt plassert i historia. Det er ein film med «varme, humor og medmenneskelighet», skriv NRKs meldar.